Regelmessig fysisk aktivitet gir overskudd, glede og bedre helse ? både akkurat nå og på litt lengre sikt.

Frå sofaen til sykkelsetet

05.12.08 Sidan 2004 har frivillige organisasjonar fått over 42 millionar til arbeid for fysisk aktivitet. Inaktive har vore viktigaste målgruppe, og då spesielt born og unge. Møreforsking har evaluert ordninga på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Evalueringa "Frå sofaen til sykkelsetet" syner at midla vert brukt til eit variert spekter av aktivitetar, og at frivillig sektor er eit viktig bidrag

Folkehelsearbeid

Tilskota har vorte sendt ut gjennom regionale partnarskap for folkehelse. Partnarskapsarbeidet er basert på forpliktande samarbeid med kommunane, statlege og regionale etatar og frivillige organisasjonar.

Evalueringa frå Møreforsking inneheld erfaringar og vurderingar frå fylkeskommunen og frivillige organisasjonar. Ein har evaluert ordninga generelt og spesielt tilskota frå 2007 (9, 5 millionar) . Vidare har ein sett på om tilskota vart sett i samanheng med anna folkehelsearbeid, og om ein nådde ut til målgruppene.

Nokre resultat:

  • 492 tiltak (mellom 20-80 i kvart fylke) vart støtta med frå 1800 til 175 000 kr i 2007.
  • Idretten fekk 32%, andre organisasjonar 68 %. 41 % gjekk til aktivitet for barn og unge i 2007.
  • Fylkeskommunen meiner at ordninga er viktig for tilrettelegging av aktivitetar med låg terskel.
  • Fylka og lokale frivillige organisasjonar er nøgde med ordninga slik den er i dag.
  • Sentralleddet i frivillig sektor ønskjer sin del av midla for at kunne stimulere til meir aktivitet.
  • Ordninga vert sett i samanheng med det regionale folkehelsearbeidet.
  • Eit langsiktig perspektiv av ordninga er viktig.

Andre tilbakemeldingar er at ein bør informere meir om ordninga til frivillig sektor. Det har vore uklårt kva lågterskel-aktivitetar er. Nokon meiner også at midla går ut til fylkeskommunane for seint på året i forhold til aktiviteten i frivillig sektor.

Tilskotsordninga er ein del av Handlingsplan for fysisk aktivitet (2005-2009). Evalueringa viser at ordninga er et viktig bidrag i forhold til handlingsplanen. Det ser likevel ut som om det er behov for endå fleire tiltak retta mot spesielle målgrupper av inaktive.

Evalueringa av tilskotsordninga er første evaluering Møreforsking Volda og NIBR (Norsk institutt for by- og regionforskning) gjer av fire folkehelsetiltak. De andre tiltakene er Partnarskap for folkehelse, Helse i plan og Kommunehelseprofilar. Evalueringane vert gjort på oppdrag for Helsedirektoratet, og skal vere ferdig i 2009.

Omfanget av ordninga er uklart for 2009.

Last ned "Frå sofaen til sykkelsetet" til høgre i artikkelen