Aktuelt

Arkiv

Handlingsplan for fysisk aktivitet er evaluert

29.10.09 Handlingsplan for fysisk aktivitet (2005-2009) Sammen for fysisk aktivitet, som vart lansert i desember 2004, er no evaluert. Vista Analyse har gjennomført evalueringa etter oppdrag frå Helsedirektoratet på vegne av dei samarbeidande departementa.

Heile åtte departement står bak planen, noko som gjer den unik. Det er fyrste gongen heile dette feltet er samla mellom to permar. Visjonen med handlingsplanen er ”Betre folkehelse gjennom fysisk aktivitet i befolkninga”.

Planen har to hovudmål:

  • Auke delen av barn og unge som er moderat fysisk aktive i minst 60 minutt kvar dag.
  • Auke delen av vaksne og eldre som er moderat fysisk aktive i minst 30 minutt kvar dag.

Blant målgruppene for planen er beslutningstakarar på ulike nivå, som fagpersonar, planleggarar og politikarar. Planen set fokus på at det ikkje berre er helsesektoren som må dra lasset. Å få folk i aktivitet handlar om å legge til rette for at folk enkelt skal kunne vere fysisk aktive i kvardagen og på fritida. Då trengs det bidrag frå mange og innsats på alle forvaltningsnivå – ikkje minst i kommunane der folk bur. Handlingsplanen omfattar heile 108 tiltak som spenner frå lovutvikling til trimgrupper i regi av frivillige organisasjonar og samanhengande sykkelvegnett i byar og tettstader.

Handlingsplanen sette fysisk aktivitet på dagsorden

Evalueringa viser at handlingsplanen sitt viktigaste bidrag har vore å setje fysisk aktivitet på dagsorden og å gi legitimitet til dette viktige arbeidet – ut over helsesektoren. Dermed har planen også vore ein nyttig reiskap til bruk for styresmakter og frivillige organisasjonar på ulike nivå. Handlingsplanen har også fungert som eit kunnskapsdokument. Slik har den vore med på å auke medvitet og kunnskapen om fysisk aktivitet og helse.

Evalueringa viser samstundes at dersom hensikta har vore å samordne felles innsats for å få befolkninga meir fysisk aktive, har planen ikkje fungert optimalt.

Er målgruppene nådd?

Primærmålgruppa til handlingsplanen var beslutningstakarar på ulike nivå. Handlingsplanen vert referert og brukt i fleire samanhengar i primærmålgruppa. Der er det fleire som gjev uttrykk for at dokumentet fungerer som eit hjelpemiddel. Legitimitet og døropnar er stikkord som går igjen. Slik kan ein seie at ein har nådd ut til målgruppa.

Vegen vidare

Handlingsplanen har vore eit viktig verktøy for kunnskap, merksemd og legitimitet, men det er eit godt stykke fram før målet og visjonen om betre folkehelse gjennom auka fysisk aktivitet er nådd. Mange trendar går i riktig retning, og trening og fysisk aktivitet får større merksemd i samfunnet no enn då handlingsplanen vart sett i gang. Samstundes ser ein at helseskilnadene i samfunnet aukar, og at mange er for lite aktive i kvardagen. Ressursane som er lagt ned og erfaringane som er hausta i arbeidet med Handlingsplan for fysisk aktivitet bør heilt klart følgjast opp. Evalueringa gjev eit godt grunnlag for utvikling av strategiar for arbeidet vidare med å fremje fysisk aktivitet i befolkninga. Det er nødvendig å halde fram satsinga, men ho må truleg vere tydelegare, meir kunnskapsbasert både når det gjeld kostnads- og styringseffektivitet – og endå meir spissa mot dei tunge utfordringane.

Les meir om tiltaka som Kunnskapsdepartementet og Statens vegvesen har hatt anvaret for.

Lenker til departementa som var med på handlingsplanen